
177K
Downloads
113
Episodes
Podkasten til vekeavisa DAG OG TID. Kvar veke snakkar vi med ein gjest om ein utvald artikkel frå avisa.
Episodes

Apr 29, 2021
Apr 29, 2021
20 min
Ei gruppe på Facebook som kallar seg Arkitekturopprøret har på berre nokre månader vekse frå ca 3000 til 17.000 medlemer. På Instagram er dei enda større med 50.000 følgjarar. Her diskuterer dei kor stygg arkitekturen i landet er. Kvifor er det så mykje engasjement rundt kva som blir bygd og korleis det skal sjå ut? Og kan me eigentleg gjere noko for å påverke arkitekturpolitikken? Gjest denne veka er Ronny Spaans, fyrsteamanuensis ved Nord universitet og fast skribent i Dag og Tid.

Apr 22, 2021
Apr 22, 2021
22 min
Joik er ein av dei eldste vokaltradisjonane i Europa, samtidig som han er levande og dynamisk. Susanne Hætta, forfattar, kunstnar, fotograf og kulturskribent, fortel kva forhold ho sjølv har til joik og kva som kjenneteiknar den tradisjonelle samiske musikkforma – kvifor har joik fått slik appell internasjonalt?

Apr 14, 2021
Apr 14, 2021
24 min
Mens skodespelarane kastar dei siste handgranatane sine i ein håplaus kamp mot den raude horden, glepp sjansen til djupare innsikt i kven frontkjemparane eigentleg var, meiner Mats Tangestuen, historikar og fagleg leiar ved Jødisk Museum. Me pratar om dokumentarserien «Frontkjempere».

Mar 31, 2021
Mar 31, 2021
25 min
Høner er livsnytarar som likar å snakke saman og kan få gåsehud av forventing og glede. Men i fangenskap er hakking, fjørtap, mobbing og beinbrot framleis kvardag for mange norske høns. Korleis er det å bli fødd som høne i Noreg i dag? Og kan vi ete søndagsegget med godt samvit?

Mar 24, 2021
Mar 24, 2021
16 min
Kva er Østerdalen for noko, og finst det eit østerdalsk lynne? Håvard Rem reiser til stader som folk har høyrt om, men ikkje kjenner så godt til.

Mar 17, 2021
Mar 17, 2021
39 min
Historia om Svalbard handlar om klimaendringar, motstridande geopolitiske interesser og enorme naturressursar på havbotnen. Øygruppa i nord vert regulert av ein 100 år gammel avtale som Noreg tolkar annleis enn til og med dei næraste partnarane våre. Er Svalbard på veg til å bli eit konfliktområde for verdas stormakter?

Mar 10, 2021
Mar 10, 2021
25 min
Kva er eigentleg ei språklov? Og er det berre i Noreg me har ei slik lov? Tidlegare har Stortinget vedteke språklover i 1930 og i 1980, og no, etter tre lovutkast på åtte år, skal ei ny språklov bli behandla i Stortinget. Nytt denne gongen er at urfolksspråk, minoritetsspråk og teiknspråk òg er med i lovteksten – i tillegg til nynorsk og bokmål. Nynorskmiljøet har sagt tydeleg frå om at lova svekker vilkåra for nynorskbrukarane. Ottar Grepstad er med som gjest.

Mar 3, 2021
Mar 3, 2021
25 min

Feb 24, 2021
Feb 24, 2021
23 min
Då koronapandemien kom til Noreg i fjor, vedtok Stortinget «oljepakken». Han vil forlengje oljealderen på norsk sokkel og ser ut til skape rekordhøg aktivitet og inntening for staten. Held oljeprisen seg nokonlunde stabil, er vi snart attende på rekordnivået frå det tidlige 2000-tallet. Skal oljeeventyret aldri ta slutt?

Feb 17, 2021
Feb 17, 2021
22 min
Opposisjonspolitikar Aleksej Navalnyj klarer å mobilisera mange unge menneske i gatene – men klarer han å ta kampen opp om makta i Russland? Gjest denne veka er historikar, forfattar og skribent, Halvor Tjønn.
