
177K
Downloads
113
Episodes
Podkasten til vekeavisa DAG OG TID. Kvar veke snakkar vi med ein gjest om ein utvald artikkel frå avisa.
Episodes

Apr 28, 2023
Apr 28, 2023
31 min
Øyvind Vågnes er professor ved Universitetet i Bergen, forfattar og musikkmeldar i Dag og Tid. Han skriv for det meste om amerikansk musikk, eit land han også har budd i. I denne episoden fortel han om opphaldet i USA, den nyaste romanen si «Ei verd utan hestar» og rolla som musikkmeldar. Vågnes les også inn meldingane sine til lydavisa. Ikkje abonnent? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov.

Apr 21, 2023
Apr 21, 2023
15 min
Ikkje noko tek vare på edle ropar som gamalt treverk. Men føresetnaden er at nokon veit korleis det skal handsamast. Dag og Tid er med folk på jobb. I denne episoden får du høyre Siri Helle lese artikkelen om bøkkaren Arne-Jøran Øyen. Han lagar tønner til akkevittproduksjon. Fleire av artiklane om yrkesliv kan du lese på dagogtid.no. Ikkje abonnent? Ting eit gratis prøveabonnement med automatisk stopp på dagogtid.no/prov.

Mar 31, 2023
Mar 31, 2023
35 min
På kva måte har teateret endra seg dei siste tiåra? Bent Kvalvik har meldt teater i 30 år og er gjest hos oss denne veka.
Les teatermeldingane til Bent Kvalvik i DAG OG TID. Ikkje abonnent? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov.

Mar 24, 2023
Mar 24, 2023
7 min
Framtida til ein flokk frittgåande geiter ved Sognefjorden vart brått eit tema på høgt politisk nivå. Argumenta for å la geitene på Kvist leve vidare som villgeiter handlar ikkje særleg mykje om dyrevelferd, skriv veterinær Arve Nilsen. Høyr han lese spalta «Dyrisk».
Kvar veke les vi inn eit utval artiklar som abonnentane våre kan lytte til. Vil du høyre fleire artiklar? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov.

Mar 17, 2023
Mar 17, 2023
43 min
Ellen Brekken er musikar og komponist. Ho fortel om korleis ho enda opp med å spele både tuba, elbass og kontrabass. Me diskuterer rikskonsertane og kva ho lærte etter eit semester i Cape Town. Kva er verdien av ein musikar - og ikkje minst, rolla til bassinstrumentet? Du får også høyre smakebitar på to av låtane frå plata Ambush. Bandet er A Tonic for the Troops.
Brekken vart også intervjua i papirutgåva av DAG OG TID. Les intervjuet her. Ikkje abonnent? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov.
Musikk frå Ambush av A Tonic for the Troops:
The Capitulation of Alexandria
1 Welgelegen Road

Mar 10, 2023
Mar 10, 2023
26 min
Ida Gilbert er gjest denne veka. Ho er filosof, skribent og kommunikasjonsrådgivar. I 2020 gav ho ut boksingelen «Rekkeviddeangst» og er no aktuell med romanen «Tute med de ulver som er ute» på Flamme forlag. Romanen har fått gode tilbakemeldingar. I Dag og Tid skriv Oddmund Hagen at «Ida Gilbert skriv både poengtert og treffsikkert om keisarens nye klede, og ho har framfor alt sans for humor og situasjonskomikk». I romanen følger me Aslaug som arbeider som kommunikasjonsrådgivar i organisasjonen Framtid med Visjon før ho flyttar til bygda og byrjar som journalist i ei lokalavis. Og det er mykje humor i romanen både om by- og bygdefolket - og ulven.

Mar 3, 2023
Mar 3, 2023
33 min
Susanne Hætta, forfattar, fotograf og biletkunstar, spør kven ho er, gjennom portrett av besteforeldra og foreldra sine, samiske og norske. Ein oppvekst mellom to kulturar, sett gjennom eit hundreår. I denne episoden tek me utgangspunkt i første del i portrettserien. Hætta fortel om dei samiske besteforeldra sine som budde i Siebe. Me kjem også innom Fosen-saka. Les meir på dagogtid.no. Ikkje abonnent? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov

Feb 24, 2023
Feb 24, 2023
37 min
Det er gått eitt år sidan Russland gjekk til fullskala krig mot Ukraina. Mykje har endra seg det siste året. Halvor Tjønn ser tilbake på året som har gått. Korleis har krigen endra Russland, og kva med oss, Europa? Vil det framleis vere krig om eitt år?
DAG OG TID skriv denne veka fleire artiklar om krigen i Ukraina. Les kommentaren til Halvor Tjønn her (abo). Alle artiklane våre finn du på dagogtid.no. Ikkje abonnent? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov.

Feb 18, 2023
Feb 18, 2023
14 min
Vinnaren av Augustprisen 2022, Ia Genberg, er gjest hos oss denne veka. Ho fortel om den nyaste boka si Detaljene som kom ut på norsk i år.

Feb 10, 2023
Feb 10, 2023
4 min
«De åtte fjellene er ei slags maskulin ønsketenking», skriv filmmeldar Brit Aksnes. Høyr ho lese meldinga si i denne podkastepisoden.
Kvar veke les vi inn eit utval artiklar som abonnentane våre kan lytte til. Vil du høyre fleire artiklar? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov.
