DAG OG TID podkast
Å døy om våren. Ein samtale om sjølvmord med Erlend Skjetne

Å døy om våren. Ein samtale om sjølvmord med Erlend Skjetne

May 6, 2022

Forfattar og skribent Erlend Skjetne er gjest i podkasten denne veka. Han skriv no ein serie essay i DAG OG TID der han reflekterer kring temaet sjølvmord. Her kan du lese første del «Å døy om våren».  

 

Det franske demokratiet er ikkje som før

Det franske demokratiet er ikkje som før

April 29, 2022

Etter presidentvalet i Frankrike er det tydeleg at folket er splitta. Korleis har det blitt slik? Og kor mykje makt har presidenten? Gjest er Bjørn Kvalsvik Nicolaysen, professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid. Les kommentarane hans om same tema: "Politiske oppløysingstendensar" og "Det franske demokratiet er ikkje som før". 

Dyrisk: Kva er eit dyr?

Dyrisk: Kva er eit dyr?

April 22, 2022

Kva skil dyr frå andre levande skapningar? Og kva er eigentleg eit dyr? Dette er første del i podkastserien "Dyrisk" med veterinær Arve Nilsen. Gjestar er Ragnhild Sollund, kriminolog og forfattar, og biolog Gry Anita Eriksen.

Marit Bjerkeng om russisk språk og kultur

Marit Bjerkeng om russisk språk og kultur

April 16, 2022

Burde me boikotte russisk kultur no? Og har Putin øydelagt den russiske litteraturen? Gjest er Marit Bjerkeng, ho er omsetjar og har undervist i russisk ved høgskular og universitet. I denne episoden fortel ho også om to av "sine" russiske forfattarar, Mikhail Sjisjkin og Ljudmila Ulitskaja. 

Kjem snart: ein podkastserie om dyr og dyrevelferd

Kjem snart: ein podkastserie om dyr og dyrevelferd

April 15, 2022

Fredag 22. april kjem første episode av podkastserien «Dyrisk». Veterinær Arve Nilsen snakkar om dyr og dyrevelferd saman med gjester som har mykje kunnskap og spennande meiningar. Følg med i podkastkanalen til DAG OG TID!

Fasade og fadese i Hollywood

Fasade og fadese i Hollywood

April 8, 2022

May Linn Clement, teiknaren i Dag og Tid, fekk innpass på Oscar-utdelinga i Hollywood. I denne episoden fortel ho om opplevinga si. Les reportasjen hennar her (abo).

Intervju med Andrej Kurkov

Intervju med Andrej Kurkov

April 1, 2022

Denne veka var den ukrainske forfattaren Andrej Kurkov i Oslo, han var invitert av Samtiden og PEN. I DAG OG TID-podkasten fortel han om korleis han opplever situasjonen i Ukraina og kva han meiner om Russland. Kurkov har skrive mange artiklar for Dag og Tid, du kan lese dei her.

I DAG OG TID kan du også lese Intervjuet med Mikhail Sjisjkin, som Kurkov hadde ein samtale med på litteraturhuset 28. mars.

Nevrokirurg Haldor Slettebø om hjernen

Nevrokirurg Haldor Slettebø om hjernen

March 25, 2022

Haldor Slettebø, spesialist i nevrokirurgi, skriv om medisin ein gong i månaden i Dag og Tid. I denne episoden snakkar han om den første artikkelen, «Hjernen er oppskrytt», som stod på trykk 18. mars. Les artikkelen her (abo).

Per Anders Todal om den nye fedrelandskrigen

Per Anders Todal om den nye fedrelandskrigen

March 18, 2022

Journalist og forfattar Per Anders Todal er gjest i DAG OG TID-podkasten denne veka. Han seier at leiarane i både Ukraina og Russland nyttar den sovjetiske krigssoga som ammunisjon. Du kan lese artikkel hans her.

Er du ikkje abonnent? Prøv DAG OG TID gratis i tre veker med automatisk stopp på dagogtid.no/prov.

Uavhengig journalistikk i Russland

Uavhengig journalistikk i Russland

March 18, 2022

Dag og Tid trykker no artiklar av den russiske journalisten Sergej Markelov. I 2020 vart han som fyrste journalist i Russland erklært som utanlandsk agent av russiske styresmakter. Kva går denne lova om utanlandske agentar ut på og kvifor vart ho sett i verk? Journalist i Nordlys og leiar i Barents Press, Amund Trellevik, fortel om situasjonen for uavhengig journalistikk i Russland.

Les artikkelen «Ein utanlandsk agent tilstår» her (for abonnentar). Er du ikkje abonnent, men ønskje å lese artiklane? Bestill eit gratis prøveabonnent på dagogtid.no/prov.  

Podbean App

Play this podcast on Podbean App