
177K
Downloads
113
Episodes
Podkasten til vekeavisa DAG OG TID. Kvar veke snakkar vi med ein gjest om ein utvald artikkel frå avisa.
Episodes

May 20, 2022

May 13, 2022
May 13, 2022
59 min
Dette er del to i podkastserien «Dyrisk». Saman med veterinærane Brit Tørud og Edgar Brun snakkar Arve Nilsen om fiskehelse og oppdrett. Ifølgje rapporten om fiskehelse i Noreg skriv Veterinærinstituttet at det døydde over 100 millionar oppdrettsfisk i 2021.
Arve Nilsen er veterinær og fast skribent i DAG OG TID. Denne veka skriv han om klauvròte. Les artikkelen her (for abonnentar).

May 6, 2022

Apr 29, 2022
Apr 29, 2022
34 min
Etter presidentvalet i Frankrike er det tydeleg at folket er splitta. Korleis har det blitt slik? Og kor mykje makt har presidenten? Gjest er Bjørn Kvalsvik Nicolaysen, professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid. Les kommentarane hans om same tema: "Politiske oppløysingstendensar" og "Det franske demokratiet er ikkje som før".

Apr 22, 2022
Apr 22, 2022
1hr 1 min
Kva skil dyr frå andre levande skapningar? Og kva er eigentleg eit dyr? Dette er første del i podkastserien "Dyrisk" med veterinær Arve Nilsen. Gjestar er Ragnhild Sollund, kriminolog og forfattar, og biolog Gry Anita Eriksen.

Apr 16, 2022
Apr 16, 2022
30 min
Burde me boikotte russisk kultur no? Og har Putin øydelagt den russiske litteraturen? Gjest er Marit Bjerkeng, ho er omsetjar og har undervist i russisk ved høgskular og universitet. I denne episoden fortel ho også om to av "sine" russiske forfattarar, Mikhail Sjisjkin og Ljudmila Ulitskaja.

Apr 15, 2022
Apr 15, 2022
25 sec
Fredag 22. april kjem første episode av podkastserien «Dyrisk». Veterinær Arve Nilsen snakkar om dyr og dyrevelferd saman med gjester som har mykje kunnskap og spennande meiningar. Følg med i podkastkanalen til DAG OG TID!

Apr 8, 2022

Apr 1, 2022
Apr 1, 2022
22 min
Denne veka var den ukrainske forfattaren Andrej Kurkov i Oslo, han var invitert av Samtiden og PEN. I DAG OG TID-podkasten fortel han om korleis han opplever situasjonen i Ukraina og kva han meiner om Russland. Kurkov har skrive mange artiklar for Dag og Tid, du kan lese dei her.
I DAG OG TID kan du også lese Intervjuet med Mikhail Sjisjkin, som Kurkov hadde ein samtale med på litteraturhuset 28. mars.

