
177K
Downloads
113
Episodes
Podkasten til vekeavisa DAG OG TID. Kvar veke snakkar vi med ein gjest om ein utvald artikkel frå avisa.
Episodes

Jan 14, 2022
Jan 14, 2022
28 min
Det er 30 år sidan verdas rikaste fotballsystem, Premier League, vart skapt. I denne episoden fortel fotballøkonom Kjetil Kåre Haugen om kva det er som får fotballverda til å gå rundt. Kvifor er 'uncertainty of outcome' så viktig?
Haugen vart intervjua av Jon Hustad i Dag og Tid 7. januar. Les artikkelen "Proletariatet vann" her (for abonnentar).

Dec 23, 2021
Dec 23, 2021
25 min
Me må venne oss til at straumen gradvis blir dyrare. Men kan ein likevel finne noko positivt med høge straumprisar? Og kva er det Europa treng for at me skal ha nok energi framover og samstundes sleppe ut minst mogleg CO2? Jon Hustad er gjest.

Dec 17, 2021
Dec 17, 2021
29 min
Håkon Austbø har vore aktiv pianist i snart 60 år og har no gitt ut memoarboka «Motstrøms – refleksjoner over et musikerliv». I denne podkastepisoden reflekterer han over kva klassisk musikk kan gi oss, han fortel om Messiaen og Skrjabin. Kva ønskjer han sjølv å formidle med musikken?
Jan H. Landro intervjua Håkon Austbø i Dag og Tid 10. desember. Artikkelen kan du lese her (for abonnentar).
I denne podkastepisoden høyrer du musikk av Chopin og Debussy, spela av Håkon Austbø.

Dec 10, 2021
Dec 10, 2021
21 min
Erlend Skjetne vann i år Brageprisen for ungdomsromanen "Eit anna blikk" som er inspirert av ei tid då han budde i Finnmark. No skriv han ein serie om Aust-Finnmark i Dag og Tid. Reisa startar i Kirkenes og målet er Sværholtklubben.
Første del av serien kan du lese her (for abonnentar).

Dec 3, 2021
Dec 3, 2021
25 min
Gjest denne veka er forfattar og skribent Bergsveinn Birgisson. Han fortel om garden til besteforeldra, islandske sagaer og det islandske samfunnet. Kan ein finne noko i sagaene som forklarer korleis folk oppfører seg i det moderne Island?
Birigsson melde boka «Island - ei reiseskildring» i Dag og Tid 26. november. Les meldinga her.

Nov 26, 2021
Nov 26, 2021
21 min
Teiknaren i Dag og Tid, May Linn Clement, har skifta tak på huset sitt. Trass i at grøn er ein vanskeleg farge, som ho sjølv skriv i reportasjen sin om takskiftet, er det nettopp denne fargen ho har valt på taket. Me snakkar og om rolla hennar som teiknar i Dag og Tid. Har ho ein person ho likar ekstra godt å teikne?
Reportasjen om det grøne takskiftet kan du lese her (for abonnentar).

Nov 19, 2021
Nov 19, 2021
22 min
Kviterussland har i det siste fått mykje merksemd. Først på grunn av demonstrasjonane i samanheng med presidentvalet i 2020, og no på grunn av migrantane og flyktningane som står på grensa mellom Kviterussland og Polen.
Tidlegare styreleiar i Raftostiftelsen, Martin Paulsen, er gjest denne veka. Han fortel om Lukasjenko, sanksjonane mot Kviterussland og tilhøvet mellom Kviterussland og Russland. Kva ansvar har me for flyktningane og migrantane som no står ved grensa til Polen?
Redaktør i Dag og Tid, Svein Gjerdåker, skreiv i Dag og Tid 12. november ein leiar om temaet, som du kan lese her. I same avis vart Eirik Christophersen frå Flyktninghjelpen intervjua. Les intervjuet her (for abonnentar).
Vil du lære meir om Kviterussland? Den 30. september var Ane Tusvik Bonde gjest i Dag og Tid-podkasten og fortalde om menneskerettssituasjonen i landet. Søk opp «Ein klappjakt mot journalistar» i podkastappen din.

Nov 11, 2021

Nov 5, 2021
Nov 5, 2021
27 min

Oct 28, 2021
Oct 28, 2021
23 min
Historikar ved Norsk Polarinstitutt, Harald Dag Jølle, har vore på Grønland. Som kvalforskarassistent har han saman med forskarane Christian Lydersen og Kit Kovacs vore på jakt etter grønlandskvalen. I denne episoden fortel Jølle også om «Danmark»-ekspedisjonen frå 1906-1908 der Ludvig Mylius-Erichsen, Niels Peter Høeg Hagen og Jørgen Brønlund omkom. Kva er drivkreftene til dei som risikerer livet for å utforske nye område?
«Dramaet på Nordaust-Grønland», reportasjen som stod på trykk i Dag og Tid 22. oktober, kan du lese her (for abonnentar).
