
177K
Downloads
113
Episodes
Podkasten til vekeavisa DAG OG TID. Kvar veke snakkar vi med ein gjest om ein utvald artikkel frå avisa.
Episodes

Aug 19, 2021
Aug 19, 2021
24 min

Aug 12, 2021
Aug 12, 2021
27 min

Jun 25, 2021
Jun 25, 2021
22 min
Mai vart den kanskje mest dramatiske månaden for vestlege oljeselskap sidan andre verdskrigen. Oljeselskapa får press frå politisk, juridisk, finansielt og statistisk hald. Men kva vil konsekvensane av mindre oljeproduksjon frå vestlege oljeselskap vere? Jon Hustad er gjest denne veka.

Jun 17, 2021
Jun 17, 2021
26 min
Aldri før har så mange nordmenn ønskt å skaffe seg hund. Den store etterspurnaden har ført til ein usunn forretningskultur hos nokre oppdrettarar. Dyrevelferda er på eit nivå som vi ikkje kan akseptere. Det seier Arve Nilsen, veterinær, forskar og fast skribent i DAG OG TID, og Torill Moseng, veterinær og president i Den norske veterinærforening og visepresident i Den europeiske veterinærforening. Vi snakkar om usunn hundeavl.

Jun 15, 2021
Jun 15, 2021
21 min
Dei siste 70 åra har den brutaliserande arkitekturen heimsøkt landet og landskapet vårt. Naturen forsvinn til fordel for invaderande, naturframande og miljøskadelege bygningformer. Ulf Andenæs, som er gjest denne veka, har i fleire tiår vore oppteken av arkitektur og byggeskikk. I denne episoden fortel han kva han meiner om arkitekturen i Noreg.

Jun 10, 2021
Jun 10, 2021
22 min

May 27, 2021
May 27, 2021
39 min
Kvifor irriterer me oss over skrivefeil? Har det noko med personlegdomen vår å gjere? Forfattar og filolog Kristin Fridtun pratar om den nye boka si, Kunsten å irritera seg over skrivefeil. Ho er òg fast skribent i Dag og Tid der ho skriv språkspalta "Ord om språk".

May 19, 2021
May 19, 2021
18 min
Song har god effekt på språktrening, på relasjonsbygging og på læring av kultur. Likevel er songen nemd berre to gongar i læreplanen for norskfaget. Teolog og forfattar, Eskil Skjeldal, snakkar om song i skulen.

May 12, 2021
May 12, 2021
27 min
Langtidsverknadene av covid-19 er vanskelege å overskode. Mange ulike plager råkar også unge og spreke menneske, og «lang covid» er framleis eit mysterium. Det snakkar vi om med Nina Langeland, professor i infeksjonsmedisin fra Universitet i Bergen, og Per Anders Todal, journalist i DAG OG TID.

May 5, 2021
May 5, 2021
25 min
Jan Nepomnjasjtsjij er Carlsens neste VM-utfordrar. Korleis kjem kampen mellom dei to til å sjå ut? Og kva har sjakk og Lermontovs «Vår tids helt» med kvarandre å gjere? Sjakkekspert og professor i russisk, Alte Grønn, er gjest denne veka.
