Episodes
Friday Feb 03, 2023
DAG OG TID lydavis: Kongelaksen i Columbia
Friday Feb 03, 2023
Friday Feb 03, 2023
Høyr ein av lydartiklane våre i DAG OG TID podkasten. Hans Morten Sundnes leitar etter laksen og urfolket som nesten forsvann då Columbiaelva i USA blei moderne. Dette er del tre i ein serie på fire delar. Det er Sjur Haga Bringeland som les.
Vil du lytte til fleire av lydartiklane våre? Ting eit gratis prøveabonnement med automatisk stopp på dagogtid.no/prov
Friday Jan 27, 2023
Arne Henning Årskaug om «Skap og sørg: eksessar om gørra vi ber på»
Friday Jan 27, 2023
Friday Jan 27, 2023
«Boka er berre på vel 120 sider, med luft mellom tekstane, men likevel sit ein att med inntrykk av at ho inneheld enormt mange ord, og at forfattaren har funne på dei fleste sjølv.» Dette er noko av det bokmeldar Odd W. Surén skriv om boka Skap og sørg – eksessar om gørra vi ber på. Høyr forfattar og bibliotekar Arne Henning Årskaug fortelje og lese frå boka.
Friday Jan 20, 2023
DAG OG TID lydavis: Kva kan du om marsvin?
Friday Jan 20, 2023
Friday Jan 20, 2023
Marsvin er dagaktive og nysgjerrige og har også eit rikt kroppsspråk, eit marsvin i godt humør kan hoppe rundt i ekstase (også kalla popkornspretting). Dei har eit godt utvikla språk og kan kommunisere med innfløkte pipe- og brummelydar. Vil du vite meir? Høyr veterinær Arve Nilsen lese spalta si Dyrisk i podkastkanalen vår denne veka.
Kvar veke les vi inn eit utval artiklar til lydavisa vår. Vil du høyre fleire lydartiklar? Ting eit gratis prøveabonnement med automatisk stopp på dagogtid.no/prov.
Friday Jan 13, 2023
Kåre Dahl Martinsen om økonomisk krigføring
Friday Jan 13, 2023
Friday Jan 13, 2023
Friday Dec 23, 2022
Energiåret 2022 med Jon Hustad
Friday Dec 23, 2022
Friday Dec 23, 2022
Dag og Tid ser tilbake på energiåret 2022. Torv blir selt på svartebørsen i Irland og det føregår ulovleg hogst i Tyskland. Kva har konsekvensane av dei høge straum- og gassprisane vore? Korleis kjem neste år til å sjå ut? Me tar og ein snartur innom klima og Russland. Journalist i Dag og Tid, Jon Hustad, er gjest.
Friday Dec 16, 2022
Friday Dec 16, 2022
May Linn Clement sjekkar inn i barndomsheimen til diktaren Jacob Sande og skriv om det i serien «Fjorten dagar i Fjaler». Høyr ho lese første del i reportasjeserien.
Ønskjer du å gje Dag og Tid i julegåve? Mottakaren får avisa i fire månader. Les meir på dagogtid.no. Er du ikkje abonnent, men nysgjerrig på Dag og Tid? Bestill eit gratis prøveabonnement med automatisk stopp på dagogtid.no/prov.
Friday Dec 09, 2022
Historia om spelekvinnene med Benedicte Maurseth
Friday Dec 09, 2022
Friday Dec 09, 2022
Korleis har rolla til spelekvinnene endra seg opp gjennom åra? Og korleis er det å vere spelekvinne i dag? Det fortel musikar og komponist Benedicte Maurseth om i denne episoden. Ho har skrive boka Systerspel. Maurseth vart også intervjua i Dag og Tid, les intervjuet her.
Musikk:
Prillarguri, Mari Eggen
Fykeruds farvel til Amerika, Kristiane Lund
Huldreslått frå Vang, Sarah-Jane Summers
Gløymer dag og stund, Helga Myhr
Frå samleplata «Systerspel»
Friday Dec 02, 2022
Niels Christian Geelmuyden om «Når de døde våkner»
Friday Dec 02, 2022
Friday Dec 02, 2022
Å intervjue døde personar – er det mogleg? Statsvitar, journalist og forfattar Niels Christian Geelmuyden har gjort nettopp det i den nyaste boka si «Når de døde våkner». I denne episoden fortel han korleis det har vore å bli kjent med desse døde personane og kva han har lært av dei.
Friday Nov 25, 2022
Dyrisk: Kva er eit dyr?
Friday Nov 25, 2022
Friday Nov 25, 2022
Kva skil dyr frå andre levande skapningar? Og kva er eigentleg eit dyr? Dette er første del i podkastserien "Dyrisk" med veterinær Arve Nilsen. Gjestar er Ragnhild Sollund, kriminolog og forfattar, og biolog Gry Anita Eriksen. Denne episoden vart først publisert 22. april 2022.
Friday Nov 18, 2022
Friday Nov 18, 2022
Denne veka kan du lytte til ein av lydartiklane våre. Vil du høyre fleire? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov og last ned DAG OG TID-appen!