
177K
Downloads
113
Episodes
Podkasten til vekeavisa DAG OG TID. Kvar veke snakkar vi med ein gjest om ein utvald artikkel frå avisa.
Episodes

Nov 11, 2022

Nov 4, 2022
Nov 4, 2022
24 min

Oct 28, 2022
Oct 28, 2022
20 min
I år fer Håvard Rem i Langfjella, frå Dovre i nord til Agder i sør, for å utforska livet i fjella som kløyver Sør-Noreg i mål-, vass- og vêrskilje. Denne veka er han i Rauland. Høyr han lese del 6 av reportasjeserien, «Rein i fjell og bronse».
Kvar veke les me inn eit utval artiklar som abonnentane våre kan lytte til. Er du nysgjerrig på lydavisa vår, kan du bestille eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov.

Oct 21, 2022
Oct 21, 2022
27 min
Shirin Tinnesand jobbar som flyktning- og migrantkoordinator og er gjest i podkasten denne veka. Ho fortel om arbeidet sitt på Moria-flyktningleiren på Lesvos og ved grensa mellom Polen og Ukraina. Kvifor er ho skeptisk til både friviljuge bistandsarbeiderar og norsk media?

Oct 14, 2022
Oct 14, 2022
31 min
Aage Sivertsen er gjest i podkasten denne veka. Han har skrive bok om Rinnanbanden, ei gruppe nordmenn som støtta tyskarane under krigen. Sivertsen har skrive mange bøker om 'skammens historie'. Kvifor er han så oppteken av slike mørke tema?

Oct 7, 2022
Oct 7, 2022
21 min
Kim Hiorthøy er aktuell med boka Knivtid, ei bok med femti korte forteljingar. I denne episoden fortel og les han frå boka. Kva er det han synest er interessant med å skrive?

Sep 30, 2022
Sep 30, 2022
5 min
Phantasm får fram einskildtrådane i Bachs mangslungne musikalske vev, skriv Sjur Haga Bringeland. Denne veka får du høyre han lese spalta si «Klassisk». Bringeland er musikar, musikkviter og fast musikkmeldar i Dag og Tid. Kvar veke les me inn eit utval artiklar til lydavisa vår. Vil du høyre fleire artiklar? Bestill eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov.

Sep 23, 2022
Sep 23, 2022
20 min
«Eg er imot å publisere mine eigne bøker på russisk fram til slutten på krigen», seier den ukrainske forfattaren Andrej Kurkov. Han er gjest hos oss denne veka og er aktuell med «Dagbok frå ein invasjon» om tida før og under invasjonen. Intervjuet vart gjort 20. september.
Er du nysgjerrig på Dag og Tid? Bestill eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov.

Sep 16, 2022
Sep 16, 2022
26 min
Korleis er det å skrive bok om ei dotter som ikkje har språk? Er det greitt? Høyr forfattar Erlend Skjetne fortelje og lese frå den nyaste boka si, Alt som skranglar, i denne episoden av DAG OG TID- podkasten.

Sep 9, 2022
Sep 9, 2022
30 min
Trilogien om Kristin Lavransdatter er kanskje dei mest kjende bøkene til Sigrid Undset. Laurdag 10. september er det premiere på «Kristin Lavransotter» på Det norske teatret. Kjersti Horn har regien. I denne episoden fortel ho om korleis det har vore å arbeide med eit teaterstykke som varer i 8 timar. Kvifor har ho valt å skilje publikum og skodespelarane med ein plastfilm?
26. august hadde DAG OG TID på trykk ein reportasje om «Kristin Lavransdotter». Les artikkelen her (for abonnentar).
