Episodes
Friday Nov 11, 2022
Dagfinn Nordbø: Eg lagar aldri mat etter oppskrifta
Friday Nov 11, 2022
Friday Nov 11, 2022
Denne veka blir du betre kjend med Dagfinn Nordbø. Han skriv om mat og reiser i spalta «Matmonsen».
Treng du inspirasjon til neste middag? Kanskje lam på marokkansk vis? Les førre artikkel her. (abo)
Friday Nov 04, 2022
Banksvindel: Per Anders Todal fortel
Friday Nov 04, 2022
Friday Nov 04, 2022
Friday Oct 28, 2022
DAG OG TID lydavis: Rauland
Friday Oct 28, 2022
Friday Oct 28, 2022
I år fer Håvard Rem i Langfjella, frå Dovre i nord til Agder i sør, for å utforska livet i fjella som kløyver Sør-Noreg i mål-, vass- og vêrskilje. Denne veka er han i Rauland. Høyr han lese del 6 av reportasjeserien, «Rein i fjell og bronse».
Kvar veke les me inn eit utval artiklar som abonnentane våre kan lytte til. Er du nysgjerrig på lydavisa vår, kan du bestille eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov.
Friday Oct 21, 2022
Friday Oct 21, 2022
Shirin Tinnesand jobbar som flyktning- og migrantkoordinator og er gjest i podkasten denne veka. Ho fortel om arbeidet sitt på Moria-flyktningleiren på Lesvos og ved grensa mellom Polen og Ukraina. Kvifor er ho skeptisk til både friviljuge bistandsarbeiderar og norsk media?
Friday Oct 14, 2022
Aage Sivertsen om Rinnanbanden
Friday Oct 14, 2022
Friday Oct 14, 2022
Aage Sivertsen er gjest i podkasten denne veka. Han har skrive bok om Rinnanbanden, ei gruppe nordmenn som støtta tyskarane under krigen. Sivertsen har skrive mange bøker om 'skammens historie'. Kvifor er han så oppteken av slike mørke tema?
Friday Oct 07, 2022
Kim Hiorthøy om boka «Knivtid»
Friday Oct 07, 2022
Friday Oct 07, 2022
Kim Hiorthøy er aktuell med boka Knivtid, ei bok med femti korte forteljingar. I denne episoden fortel og les han frå boka. Kva er det han synest er interessant med å skrive?
Friday Sep 30, 2022
DAG OG TID lydavis: Høyr Sjur Haga Bringeland lese spalta «Klassisk»
Friday Sep 30, 2022
Friday Sep 30, 2022
Phantasm får fram einskildtrådane i Bachs mangslungne musikalske vev, skriv Sjur Haga Bringeland. Denne veka får du høyre han lese spalta si «Klassisk». Bringeland er musikar, musikkviter og fast musikkmeldar i Dag og Tid. Kvar veke les me inn eit utval artiklar til lydavisa vår. Vil du høyre fleire artiklar? Bestill eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov.
Friday Sep 23, 2022
Krigen i Ukraina: ein samtale med Andrej Kurkov
Friday Sep 23, 2022
Friday Sep 23, 2022
«Eg er imot å publisere mine eigne bøker på russisk fram til slutten på krigen», seier den ukrainske forfattaren Andrej Kurkov. Han er gjest hos oss denne veka og er aktuell med «Dagbok frå ein invasjon» om tida før og under invasjonen. Intervjuet vart gjort 20. september.
Er du nysgjerrig på Dag og Tid? Bestill eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov.
Friday Sep 16, 2022
Alt som skranglar: Erlend Skjetne fortel og les frå den nyaste boka si
Friday Sep 16, 2022
Friday Sep 16, 2022
Korleis er det å skrive bok om ei dotter som ikkje har språk? Er det greitt? Høyr forfattar Erlend Skjetne fortelje og lese frå den nyaste boka si, Alt som skranglar, i denne episoden av DAG OG TID- podkasten.
Friday Sep 09, 2022
Teaterregissør Kjersti Horn om «Kristin Lavransdotter»
Friday Sep 09, 2022
Friday Sep 09, 2022
Trilogien om Kristin Lavransdatter er kanskje dei mest kjende bøkene til Sigrid Undset. Laurdag 10. september er det premiere på «Kristin Lavransotter» på Det norske teatret. Kjersti Horn har regien. I denne episoden fortel ho om korleis det har vore å arbeide med eit teaterstykke som varer i 8 timar. Kvifor har ho valt å skilje publikum og skodespelarane med ein plastfilm?
26. august hadde DAG OG TID på trykk ein reportasje om «Kristin Lavransdotter». Les artikkelen her (for abonnentar).