
177K
Downloads
113
Episodes
Podkasten til vekeavisa DAG OG TID. Kvar veke snakkar vi med ein gjest om ein utvald artikkel frå avisa.
Episodes

Sep 2, 2022
Sep 2, 2022
10 min
Denne veka får du høyre ein av lydartiklane våre i podkastkanalen. Nevrokirurg Haldor Slettebø skriv om medisin ein gong i månaden, og denne veka er tema demens. «Demens, det er skrekken», sa Drillo då han nyleg runda 80 og fekk spørsmål om alder og død i eit intervju. Han har eit poeng: Demens kan vere skremmande. Den som er råka, døyr langsamt to gonger, blir det sagt: først i sinn, så i skinn.
Er du ikkje abonnent og ønskjer å prøve lydavisa? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov.

Aug 26, 2022
Aug 26, 2022
17 min
I denne episoden blir du betre kjent med idrettspedagog Maren Bø som skriv spalta «Sport før og no» i Dag og Tid. Tema denne veka er kroppsøving. Du får også høyre Bø lese spalta si som denne veka handlar om skruknottar.

Jul 15, 2022
Jul 15, 2022
25 min
I 1973 var det nesten 14.000 sengeplassar i norsk psykiatri. I 2020 var talet litt over 3000. I seinare tid har ein satsa mykje på førebygging. Gjest denne veka, Jan Inge Sørbø, meiner skuggesida av dette er at ein ser på dagligdagse problem som sjukdom. Les kommentaren hans her.

Jul 8, 2022
Jul 8, 2022
31 min
«Ikkje berre ein pub», skriv Kristin Fridtun om London pub i DAG OG TID 1. juli. Denne veka er ho gjest i podkasten vår og fortel om sine eigne erfaringar som skeiv i Noreg. Kva betydning har London pub for det skeive miljøet? Og har Pride blitt for seksualisert? Kommentaren kan du lese her (for abonnentar).

Jul 1, 2022
Jul 1, 2022
57 min
Dette er del tre i podkastserien «Dyrisk». Saman med Yngvil Wasteson og Eystein Skjerve, begge professorar ved Veterinærhøgskolen, diskuterer Arve Nilsen kva som er rolla til veterinæren. Kva dilemma møter ein veterinær i arbeidet sitt?
Arve Nilsen er veterinær og fast skribent i DAG OG TID.

Jun 24, 2022
Jun 24, 2022
30 min
Denne podkastepisoden vart spelt inn før fredag 24. juni.
Korleis er situasjonen for LHBT-personar og dei som støttar dei i Aust-Europa? Kan ein gå i Pride-parade i Georgia og Armenia? Artikkelen som har vore inspirasjon for denne episoden, «Pride – eit barometer for fridom», kan du lese her (for abonnentar). Ane Tusvik Bonde, seniorrådgivar i Human Rights House Foundation, og Patricia Kaatee, politisk rådgivar i Amnesty Internasjonal Norge, er med oss i studio.
Er du nysgjerrig på DAG OG TID kan du bestille eit gratis prøveabonnement med automatisk stopp på dagogtid.no/prov.

Jun 17, 2022
Jun 17, 2022
11 min
I DAG OG TID kan abonnentane lytte til fleire av artiklane våre, og i tida framover kan du som podkastlyttar få høyre nokre av desse artiklane. Teiknaren vår, May Linn Clement, har vore på fotballcup og les denne veka reportasjen sin «Cuplivet».
Trur du lydavisa kan vere noko for deg? Bestill eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov.

Jun 10, 2022
Jun 10, 2022
26 min
Arbeidsinnvandringa svekkjer respekten for praktisk arbeid og undergrev den norske modellen, meiner tømrar Ole Thorstensen. I boka "Bare en jobb" skriv han om polsk og norsk arbeidsliv. I denne episoden fortel han om erfaringar frå då han arbeidde i Polen. Korleis ser han på sitt eige yrke - som av mange blir kalla "polakkarbeid"?
Ole Thorstensen vart intervjua i DAG OG TID 3. juni. Les meir her (for abonnentar).

Jun 3, 2022
Jun 3, 2022
18 min
TikTok er det raskast veksande sosiale mediet i verda. Når du først er i gang, er det vanskeleg å slutte. Plattforma har blitt skulda for å sensurere innhald, til dømes å ta ut innhald av det dei ser på som «stygge» folk. I tillegg nyttar dei algoritmar til å identifisere kva brukaren likar og er oppteken av, noko som potensielt kan nyttast til å gjere brukaren meir avhengig av appen, men også til politisk påverknad. Jesper Hommefoss Johnsen, journalist i Dag og Tid, har skrive ei sak om denne videodelingsappen og er gjest i podkasten for å fortelje om sine erfaringar med TikTok. Artikkelen hans kan du lese her.

May 27, 2022
May 27, 2022
25 min
Håvard Rem har vore på reis i Litauen. Landet var den første republikken som braut ut av Sovjetsamveldet. I denne episoden fortel Rem om nordisk-baltisk samarbeid, Vilnius, litauisk litteratur og mat. Han fekk også møte litauaren som leidde landet ut av Sovjetsamveldet, Vytautas Landsbergis.
Dei tre første delane av reportasjeserien om Litauen kan du lese i her (for abonnentar).
