Episodes

Friday Mar 18, 2022
Per Anders Todal om den nye fedrelandskrigen
Friday Mar 18, 2022
Friday Mar 18, 2022
Journalist og forfattar Per Anders Todal er gjest i DAG OG TID-podkasten denne veka. Han seier at leiarane i både Ukraina og Russland nyttar den sovjetiske krigssoga som ammunisjon. Du kan lese artikkel hans her.
Er du ikkje abonnent? Prøv DAG OG TID gratis i tre veker med automatisk stopp på dagogtid.no/prov.

Friday Mar 18, 2022
Uavhengig journalistikk i Russland
Friday Mar 18, 2022
Friday Mar 18, 2022
Dag og Tid trykker no artiklar av den russiske journalisten Sergej Markelov. I 2020 vart han som fyrste journalist i Russland erklært som utanlandsk agent av russiske styresmakter. Kva går denne lova om utanlandske agentar ut på og kvifor vart ho sett i verk? Journalist i Nordlys og leiar i Barents Press, Amund Trellevik, fortel om situasjonen for uavhengig journalistikk i Russland.
Les artikkelen «Ein utanlandsk agent tilstår» her (for abonnentar). Er du ikkje abonnent, men ønskje å lese artiklane? Bestill eit gratis prøveabonnent på dagogtid.no/prov.

Friday Mar 11, 2022
Finanskrigen: Jon Hustad om sanksjonane mot Russland
Friday Mar 11, 2022
Friday Mar 11, 2022
26. februar vart valutareservane til Russland kverrsette av europeiske land og Japan. Kva konsekvensar får dette for Russland, og er det lov å fryse andre land sine valutareservar? Jon Hustad er gjest denne veka. Artikkelen om same tema, «Finanskrigen», kan du lese her (abo).

Friday Mar 04, 2022
Kvifor gjekk Putin til krig mot Ukraina?
Friday Mar 04, 2022
Friday Mar 04, 2022
24. februar gjekk Russland til åtak på Ukraina. Kva var motivasjonane bak dette angrepet? Og kva betydning har Ukraina for Russland? Russlandskjennar, førstelektor ved Institutt for framandspråk ved Universitetet i Bergen og forfattar av boka Russiske imperium, Kåre Johan Mjør, er gjest denne veka. I Dag og Tid 25. februar vart han intervjua av Per Anders Todal. Les artikkelen her (for abonnentar).

Friday Feb 18, 2022
Salamandertesten: Simon Malkenes om norsk skulepolitikk
Friday Feb 18, 2022
Friday Feb 18, 2022
Innføringa av dagens skule byrja i 2001, då kom dei første Pisa-resultata. Dei viste at Noreg ikkje var best, men skåra middels blant OECD-land. Løysinga vart ein ny skulepolitikk, ein skulle disiplinere ungane til å lære meir. I denne episoden av DAG OG TID-podkasten er Simon Malkenes gjest. I fjor kom han ut med boka «Salamandertesten» der han skriv om norsk skulepolitikk i lys av Bjørneboes Jonas frå 1955. Boka tar utgangspunkt i eit føredrag på Nasjonalbiblioteket i høve 100-årsjubileet for Jens Bjørneboes fødsel. Nøkkelord er «læringstrykk», «humankapital», «tidleg innsats» og «disiplindugnad». Malkenes har også blitt intervjua av Jan H. Landro i Dag og Tid 4. februar. Intervjuet kan du lese her.

Friday Feb 11, 2022
Cecilie Løveid om livet og skrivinga
Friday Feb 11, 2022
Friday Feb 11, 2022
I boka «Kamerat livet» samtalar Kaja Schjerven Mollerin med forfattar Cecilie Løveid. I boka fortel Løveid om alt frå barndomen, familien, det pågåande prosjektet med boka «Piggeple» og hennar forhold til poesi og dramatikk. Denne veka er ho gjest i Dag og Tid-podkasten og fortel om livet og skrivinga. Mollerin vart intervjua i papirutgåva 4. februar, les intervjuet her (for abonnentar).

Friday Feb 04, 2022
Siri Helle om vegetarisk middag
Friday Feb 04, 2022
Friday Feb 04, 2022
Det å ete grønt skal vere sunnare for både helsa og miljøet. Men er det eigentleg sunnare å skifte ut kjøtkakene med eit vegetarisk alternativ som skal etterlikne kjøtprodukt? Fast skribent i Dag og Tid, Siri Helle, er gjest. Les spalta «Frå matfatet» om vegetarisk middag her (for abonnentar).

Friday Jan 28, 2022
Helene Uri om pronomena «hen» og «dei»
Friday Jan 28, 2022
Friday Jan 28, 2022
Det er ikkje alle som føler at «ho» og «han» passar med deira kjønnsidentitet. For eit par veker sidan skreiv NRK om Ravn Stiklestad Opli som identifiserer seg sjølv som ikkje-binær. Ravn føretrekker å bli omtala med pronomenet «dei». Kva er samanhengen mellom språk og identitet og blir det ikkje forvirrande å bruke «dei» om éin person? Helene Uri, forfattar og språkvitar, fortel om dei kjønnsnøytrale pronomena «hen» og «dei».

Wednesday Jan 26, 2022
DAG OG TID lydavis: «Med éin fot i fortida og éin i framtida»
Wednesday Jan 26, 2022
Wednesday Jan 26, 2022
I DAG OG TID les me kvar veke inn eit utval av artiklane våre til lydavisa. Her kjem ein smakebit der Håvard Rem les første del i serien om Qatar, «Med éin fot i fortida og éin i framtida», som stod på trykk 21. januar.
Har du alt digitalt eller komplett abonnement, kan du laste ned DAG OG TID-appen og lytte til lydartiklar der. Er du ikkje abonnent, kan du gå inn på dagogtid.no/prov og bestille eit gratis prøveabonnement.

Friday Jan 21, 2022
Tiåret då det ekstreme blei normalt
Friday Jan 21, 2022
Friday Jan 21, 2022
«Ytre høyres kulturkrigere vil normalisere det ekstreme». Det skriv Carline Tromp, redaksjonssekretær i debattredaksjonen i Klassekampen, i den nye boka si: «Kulturkrig». DAG OG TID publiserte eit forfattarintervju med Tromp 14. januar. I dag er ho gjest i podkasten.
I episoden nemner vi teksten til Karianne Solbrække, Nyhetsredaktør i TV 2.