Episodes

Thursday Oct 21, 2021
Korleis er det å ha eit barn med autisme? Olaug Nilssen fortel
Thursday Oct 21, 2021
Thursday Oct 21, 2021

Thursday Oct 14, 2021
Krigsrapport frå landsbyar i Nord-Syria
Thursday Oct 14, 2021
Thursday Oct 14, 2021
Tyrkia har okkupert fleire område i Nord-Syria dei siste åra, kva slags krig fører Tyrkia og kva er målet? Det skriv Erling Folkvord om i artikkelen «Krigsrapport frå landsbyar i Nord-Syria» som stod på trykk i Dag og Tid 8. oktober.
Folkvord reiste til Nord-Syria i august og i denne episoden av Dag og Tid-podkasten fortel han om sine inntrykk frå reisa. Han gir oss òg eit overblikk over korleis situasjonen er i Nord-Syria no. Artikkelen kan du lese her (for abonnentar).
Den tyrkiske ambassaden har fått tilsendt artikkelen Folkvord skreiv etter reisa si. Svaret deira kan du høyre heilt til slutt i denne episoden.

Thursday Oct 07, 2021
USA trekkjer seg militært ut av ørkenen og dreg til sjøs
Thursday Oct 07, 2021
Thursday Oct 07, 2021
Cecilie Hellestveit er gjest i denne episoden av Dag og Tid-podkasten. Ho fortel om den amerikanske forsvarsstrategien og kvar den militære teknologiutviklinga er på veg. USA trekkjer seg militært ut av ørkenen og dreg til sjøs. Kvar skal Noreg plassere seg når USA og Europa får ulike interesser i Midtausten?
Artikkelen "Enden på krigen utan ende?", som denne episoden tar utgangspunkt i, kan du lese her (for abonnentar).

Thursday Sep 30, 2021
Ei klappjakt mot journalistar
Thursday Sep 30, 2021
Thursday Sep 30, 2021
I den nyaste utgåva av DAG OG TID skildrar redaktør Andrej Dynko i tidsskriftet Nasja Niva livet i eit fengsel i Minsk. Ane Tusvik Bonde kjenner Dynko godt og kan mykje om situasjonen i Kviterussland. I DAG OG TID-podkasten denne veka seier ho at det føregår ei «klappjakt mot journalistar».

Wednesday Sep 29, 2021
Lydartikkelen til podkasten: «Ein kort tur til helvete»
Wednesday Sep 29, 2021
Wednesday Sep 29, 2021
På torsdag kjem ein ny episode av Dag og Tid-podkasten. Ane Tusvik Bonde, seniorrådgjevar i organisasjonen Human Rights House Foundation, er med som gjest og snakkar om framsidesaka frå den siste utgåva – «Ein kort tur til helvete». Artikkelen er skriven av redaktøren i det kviterussiske tidsskriftet Nasja Niva, Andrej Dynko. Han skildrar livet i Okrestina-fengselet i Minsk.
Podkastepisoden kjem på torsdag, men allereie no kan du lytte til artikkelen som Dynko skreiv. Kvar veke les me inn utvalde artiklar frå avisa. Her får du ein smakebit på lydavisa vår!

Thursday Sep 23, 2021
Valordning på fjell, myr og skog
Thursday Sep 23, 2021
Thursday Sep 23, 2021
I land med allmenn røysterett er det eit ideal at alle røyster skal telje like mykje, men slik er det ikkje i praksis. I Noreg kjempar idealet om lik røystevekt mot distriktsomsyn og styringseffektivitet. Her spelar arealfaktoren og sperregrensa viktige roller. Gjest denne veka er professor i rettsvitskap Eirik Holmøyvik. Han var medlem av vallovutvalet som i fjor leverte framlegg til ny vallov. Du kan lese NOU-en, «Frie og hemmelige valg – Ny valglov», her.

Friday Sep 17, 2021
Andreas Hompland om stortingsvalet
Friday Sep 17, 2021
Friday Sep 17, 2021
Korleis kjem den nye regjeringa til å sjå ut? Og kva er dei grunnleggande trendane i norsk politikk? Andreas Hompland er gjest i DAG OG TID-podkasten denne veka.

Thursday Sep 09, 2021
Hilde Vesaas om det å melde bøker
Thursday Sep 09, 2021
Thursday Sep 09, 2021
Har bokmeldarar blitt for lite kritiske? Hilde Vesaas, barnebarn til Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas – og bokmeldar i Dag og Tid, fortel om det å melde bøker. Kva gler ho seg til å lese i haust?

Thursday Sep 02, 2021
Kor lenge skal vi leite?
Thursday Sep 02, 2021
Thursday Sep 02, 2021
Striden om norsk leiteboring handlar om meir enn moral. Journalist Per Anders Todal og finansanalytikar Ole André Hagen snakkar om lønsemda i oljeleiting.

Friday Aug 27, 2021
Straumprisen
Friday Aug 27, 2021
Friday Aug 27, 2021